Innbundet
|
Omnipax
|
ISBN 9788283152500

Kva er ein klem? Kvifor vil så mange gjerne ha ein klem?

Ein klem er så stille. 

Han er heilt utan ord. 

Likevel set han ofte i gang ei lang forteljing …

Vil du ha ein klem? Dei fleste ville svara ja. Men ikkje frå kven som helst! Om ein ukjend klemmer deg, kan det fort bli ekkelt. Men om du kjenner klemmaren, blir det annleis. Denne boka handlar om den gode klemmen. Den som gjer deg glad. Mest om den.  Boka inviterer lesaren med på å utforska kva ein klem er og gjer med oss. Svara på det ho lurer på, har Erna Osland funne på Internett og i samtalar med sine to søner; ein psykiater og ein nevrokirurg. 

Klemmen føyer seg fint inn i rekka av Osland-bøker som minner små lesarar på at dei har ressursar, nett slik dei er. Illustrasjonane til Stina Langlo Ørdal er glade, energiske og varme – som ein verkeleg god klem.

Meld deg på nyhetsbrevet til Forente forlag

Lesetips

Forente forlag AS
Pb. 6673 St. Olavs plass
0129 Oslo
Org.nr.: 929 556 240 MVA

Meld deg på nyhetsbrevet til Forente forlag

Lesetips

Forente forlag AS
Pb. 6673 St. Olavs plass

0129 Oslo
Org.nr.: 929 556 240 MVA