Prolog i England

Prolog i England

Prolog i England

Tekst: Ottar Grepstad

20. feb. 2024

Utdrag fra Ottar Grepstads nye bok «Farlege språk. Historisk lesebok om språkkonfliktar».

Her tok opprøret til, her tok krigen slutt.

Der eg går oppover mot kyrkjehuset i Sampford Courtenay med sola i ryggen, innser eg at det er mykje å fortelje. St. Andrew-­kyrkja ligg nedan­for ein låg kolle i ly for vesta­vêret. Den vestvende kyrkjehus­veggen av stein i sjatteringar av grått og brunt og gult er enno kjølig. I kvit skrift på gråblått metall les eg at andre pinsedag 1549, Whit Monday, drap folk den lokale bonden William Hellions her. Etterpå slutta dei seg til eit kornisk opprør mot språkleg og religiøs endring som enda med nederlag mot kongshæren her oppe ved kyrkja.

Eg går mot den utvendige trappa, tek dei tolv steinstega opp til andre etasje, first floor, trør på leivningar av tid festa som lyst lav, myser mot sør, ein nabo feiar vekk støyperusk, ei barnevogn trillar forbi i landsbyen Sampford Courtenay ein busstime vest for Exeter i Devon, langt unna larmen i London.

Vel oppe snur eg meg. Det er her dei kjem med bonden den måndagen.

Hausten 1548 møttest biskopane i Church of England på Windsor for å drøfte framlegget til ei ny altarbok, skriven av Thomas Cranmer, erke­biskopen av Canterbury. Altarboka skal erstatte det katolske missalet og er i både form og innhald noko heilt anna enn det kyrkjelydane er vane med. Reformasjonen kjem.

Både Overhuset og Underhuset godkjenner Act of Uniformity og med det den nye altar­boka Book of Common Prayer 21. januar 1549. Alt presten treng, og som før har vore spreidd i fire bøker, er endeleg samla i éi bok. Kongs­makta erstattar no den katolske liturgien på latin med ein protestantisk på engelsk. Alt er på engelsk, alt skal gå føre seg på engelsk, og språkføringa er filt setning for setning. Det skal vere éi kyrkje, eitt språk.

Boka er eit ganske gjennomtenkt teologisk kompromiss. Bruken blir derimot vilkårslaus og utan miskunn. Altarboka skal brukast overalt i England, Wales og Cornwall. Den presten som motset seg den nye liturgien, mistar alle sine beneficium – skatteinntekter, rettar og ymse gode – for eitt år. Skjer det ein gong til, mistar han beneficia på livstid og får eitt år i fengsel. Sivile som går til åtak på altarboka eller får nokon til å bruke andre skrifter, blir også straffa. Kyrkjelivet skal endrast med fast hand, klar tale og kald makt. Samstundes innfører parlamentet ei ny avgift på sauehald som tappar allmenta for pengar. Dette politiske reknestykket går ikkje opp for folk i Devon og Cornwall.

Det reformerte kyrkjelivet skal ta til seinast pinsedag 9. juni 1549.

Den gamle forkynninga på latin har for mange vore garantien for ortodoksi og rett lære. Dette nye kan ein ikkje stole på. Ikkje er det til å forstå for alle heller, dette engelske språket. Det er ikkje til å tole, dette, for i Cornwall er banda sørover sjøen sterkare enn landevegen austover. Det tek ei veke å ri til London, éin dag å segle over til Bretagne i god bør.

Dei har gode grunnar til å halde fast ved den gamle trua. Like frå si keltiske tid har dei teke vare på mang ein helgen og endå fleire segner og tradisjonar. Romarane kom aldri lenger vest enn Exeter på den britiske øya. Særleg Cornwall er som eit utland med sterke band til Bretagne, dit mange utvandra, og der folk difor snakkar mykje godt same språket. Fleire ritual er like i dei to områda, som å setje opp krossar for å vise kvar vegane går.

Avgjerdene i London utløyser eit opprør som tek til i ein liten landsby vest i Devon. I Sampford Courtenay bur om lag 500 menneske, og pinsedag 1549 går mange fleire enn vanleg til messe i St. Andrew-kyrkja. Den tidlegare slottstenaren William Harper forrettar, men alt er så forandra. Ingen prosesjon, ingen gregoriansk song, ingen lys på altaret, ikkje i lektoriet heller. Inne i den granittgrå kyrkja der morgonlys renn gjennom det store vindauget i koret, preikar og forrettar den aldrande presten på engelsk.

Foto: Rosser1954, Wikimedia Commons

St. Andrews kirke i Sampford Courtenay.

Ute på kyrkjebakken etterpå semjest folk om at under messa neste dag skal dei ikkje ha noko av dette nye. Gud skal snakke latin, som han har gjort før. Her skal inkje reformerast, ingen engelske ord og setningar skal sive inn, ikkje enno.

Kyrkjelyden er endå større andre pinsedag, og då den aldrande presten er på veg til kyrkja, blir han stoppa. Eg må følgje lova og bruke den nye altarboka, seier Harper. Nei, det skal du slett ikkje, svarar to menn som er mellom dei fremste i landsbyen. Dei to sperrar døra for han og krev at det gamle blir ført vidare til kong Edvard 6. har fylt 24. Ikkje berre avviser kyrkjelyden den nye altarboka på engelsk. Dei utfordrar også den engelske evangeliske kyrkja.

Ein fribonde i grannelaget, William Hellions, er på parti med presten og vil det nye. No har han drege inn til landsbyen for å seie kraftig frå, men presten bryt lova og held den gamle messa. På latin. William Hellions blir ståande mo åleine, han har mista støtta frå presten, og no mistar han alt.

Nokon grip tak i han og tek han med opp trappa i kyrkjehuset. Innanfor får han seie kva han meiner, dei svarar med skyljebøtter av spørsmål og kritikk, så luskar han ut. På veg ned trappa blir han slått i nakken med ein lauvkniv, fleire kastar seg over han, nokon har ei greip, dei stikk han til døde, mea culpa, fører den døde bort, parterer liket, vaskar sine hender, mea maxima culpa. Så seier soga, men ord sagt frå mann til mann blir til uvisse når historiske dokument blir saumfarne. Om fribonden William Hellions er så lite kjent at det ikkje kan seiast sikkert om han blir drepen denne pinsehelga då reformasjonen kjem til Sampford Courtenay, eller om blodet renn i trappa ei veke eller to seinare. Dei som drep, veit at ein prest mista livet vest i Helston året før. Vestanfrå er ein flokk av opprørarar alt på veg. No flokkar også folk i Sampford Courtenay seg til ferd mot London. Dei går og kan ikkje anna.

Roleg går eg ned trappa att dit eg kom frå, inn i ettertida. Det er ei god trapp å gå i.

Meld deg på nyhetsbrevet til Forente forlag

Lesetips

Forente forlag AS
Pb. 6673 St. Olavs plass
0129 Oslo
Org.nr.: 929 556 240 MVA

Meld deg på nyhetsbrevet til Forente forlag

Lesetips

Forente forlag AS
Pb. 6673 St. Olavs plass

0129 Oslo
Org.nr.: 929 556 240 MVA